Gourmet-mat RE-NAA Restaurant
© Tommy Ellingsen/Renaa Restauranter

Mat og drikke

Matelskere - velkommen til Stavanger!

  • Sommer
  • vinter
  • vår
  • høst

Sist oppdatert 2024-05-28

En helg i Stavanger er absolutt noe som alle bør unne seg. Og nå skal du få se hvordan min helg startet her.

Arne Hjeltnes har sine Stavanger-favorittar (og han har ikkje tenkt å halda dei for seg sjølv!).

Stader å bu

Eilert Smith Hotel

Dette lekre boutique-hotellet har berre tolv rom. Alle er ulike, bortsett frå at komfort og design står like sentralt uansett rom. Hotellet er oppkalla etter Stavanger-arkitekten Eilert Smith, som opprinneleg tegna bygget i 1937. Det er imidlertid arkitekt Pål Trodahl som har stått for modernisering og fornying med den historiske arva i veggane. I fyrste etasje ligger MICHELIN-restauranten RE-NAA. Lekkert på alle plan der, altså.

Eilert Smith Hotel

Hotell

Eilert Smith Hotel i Stavanger

Stavanger

Eilert Smith Hotel, medlem av Small Luxury Hotels of The World, er stedet for deg som søker ro og topp kvalitet. Samtidig er det sentralt i byen.

Stader å shoppe

Chili Chocolate

Verdas blidaste chocolatier, utdanna i Frankrike, er Asle som driv ein unik sjokoladefabrikk midt i hjarta av sentrum, perfekt for alle oss som meiner at kvardagen vert litt betre med ein sjokoladebit. Eller to. Her lagar dei sin egen konfekt, sjokoladefigurar, sjokoladepålegg, heimelaga is, marmelader, makronar og mykje meir. Frå butikken kan du sjå inn i produksjonen, der godbitane vert laga.

Stavanger Ysteri og Litlestøl

Alle byar bør ha eit eige ysteri. Det har Lise Brunborg sørga for i Stavanger. Osten hennar finn du i Østre bydel eller hjå Idsøe, Ullandhaug Økologiske eller på Ostehuset Øst. Saman med deilig marmelade frå Eva Gill og Litlestøl er det smaken av Stavanger for mange av oss. Dei to reiser mykje rundt saman. Komplementære smakar, veit du. Hald utkikk.

Stader å eta middag

RE-NAA

Berre to restauranter i Noreg har tre stjerne i Guide MICHELIN. Og ein av dei har sjølvaste Sven Erik Renaa skapt i Stavanger. I 2016 vart dette den fyrste restauranten i Norge utenfor Oslo-området som fikk ei stjerne. Og så altså nå tre stjerne. Sjølv om ikkje alle styrer ganen etter den franske guiden, har dei hatt mykje å seia for Stavanger som matdestinasjon. «Perfekt forenklet» er motivasjonen til Sven Erik og teamet hans i sjøkanten på Skansekaien i Eilert Smith-hotellet. Hit reiser matentusiastar frå heile verda for å oppleva den unike 22-rettars smaksmenyen basert på lokale råvarer.

Renaa Matbaren

Sven Erik og Torill står som sagt bak mykje i byen på matsida. Ein klassikar som eg alltid må innom er Matbaren. Ein fransk-inspirert bistro, som fekk VG sin matmeldar Erik Fosnes-Hansen til å skriva «ekstatisk i Stavanger». Betre enn i Frankrike, skreiv han og. Eg skriv under på det. Dei nydelege rettane og den gode stemninga blir du i godt humør av.