Bygder og steder

Runde & Sunnmørskysten

Då isen trekte seg tilbake etter den siste istida for rundt 10.000 år sidan, var det her ute på kysten dei første menneska busette seg. Med båt og fangstreiskap skaffa dei seg mat, med båten kunne flytte på seg og halde kontakt med folk på andre øyar og i fjordane. Gjennom tusenvis av år har det handla om havet og grøda frå den blå åkeren. 

Båt og kystkultur set sitt preg også i dag både i samfunnet og på musea i området. Helleristningar og vikingskip, jekteskute og ishavsskute fortel om fortida, medan verft, fiskebåtar og offshoreskip viser dagens kystkultur og eit folkeslag som har blikket retta utover og kombinerer eldgamal kunnskap om havet med framtidsretta høgteknologi. Besøk gjerne Ishavsmuseet på Hareid og Herøy kystmuseum i Herøy for å lære meir om tradisjonar

Lundefugl og gullskattar

Yst ute i havgapet i Herøy kommune ligg den sagnomsuste fugleøya Runde. Øya har ca.150 fastbuande innbyggarar, men frå april til august kvart år, er det hekkesesong, og meir enn 100.000 fuglar inntek øya. Rundt 80 arter hekkar på fugleøya, og over 230 arter er registrert på Runde i alt. Den majestetiske havørna kan du observere heile året, men for å oppleve lundefuglen, så må du kome mellom byrjinga av april og august. Kvar sesong har si særeigne oppleving. 

Runde har eit fint turterreng, og ein vandretur ut til det historiske fyret, der fyrvoktarbustaden i dag er ei DNT-hytte, kan anbefalast. Der kan ein virkelig oppleve kreftene til storhavet på haust og vinter. Det røffe veret gjorde også til at det nederlandske handelsskipet Akerendam forliste ei vinternatt i 1725, lasta med store mengder myntar. Først nesten 250 år seinare gjorde tre dykkarar eitt av dei største myntfunna i Europa, kjent som Rundeskatten. Delar av skatten kan du sjå på Runde Miljøsenter

Byar og tettstader i regionen

Ulsteinvik er ein sjarmerande kystby kjend for verftsindustri og storslått natur. I sentrum kan du finne små nisjebutikkar, du kan bo godt, og det er fleire sjarmerande stader som serverar god sunnmørsk lokalmat.

Fosnavåg ligg i hjartet av sunnmørskysten og Havlandet. Nært til attraksjonar som fuglefjellet på Runde, og storhavet som nærmaste nabo. Det er og kort veg til flotte fjellturar samstundes som du kan bo sentralt.

Hareid er ei sjarmerande lita bygd på Sunnmøre, men lang historie og nært beliggande til ishavsbygda Brandal. Mykje lokal krisgshitorie og korleis folk livberga seg på havet er sentralt i regionen.

Kystlandskapet

Her finn du lettgådde kystfjell, lyngheiar og eit øyrike med eit mylder av store og små øyar, holmar og skjer. Mange av øyane er knytte saman med bruer og vegar som er ei oppleving i seg sjølv å køyre på. Opplev gjerne øyane frå sykkelsetet, på ein havsafari med RIB, fot- eller fisketur. Kva med eit gourmetmåltid på Kami Skotholmen, ein restaurant du kun kjem til med båt frå Fosnavåg, eller kanskje du vil padle kajakk dit? Overnatt i havgapet på Sandsøya, Tunheimsfjøra, Flø, Fosnavåg eller på andre av dei små stadane her ute, og få med deg solnedgongen frå for eksempel Mulevika eller Hidsneset.

Korleis kjem du deg til Runde og søre Sunnmøre

Det er to flyplassar i nærheita, Ørsta - Volda lufthamn og Ålesund lufthamn Vigra. Begge med gode innanlandsforbindelser. Ålesund har i tillegg og gode forbindelser til utland heile året.

Du kan og velge den spektakulære sjøvegen, med Hurtigruten eller Havila Kystruten. Desse stoppar i Torvik, 10 minutt frå Fosnavåg. 

Offentleg transport: Buss frå Bergen og Oslo korresponderer med buss til for eksempel Hareid, UIsteinvik og Fosnavåg. I tillegg til turar frå Ålesund med “Travel like the locals”.

Om du vil køyre bil, så er øyane knytte saman til fastlandet med undersjøisk tunnell til Ørsta, eller med ferje frå Hareid til Sulesund i retning Ålesund. Det er også gode ferjesamband sørover mot Nordfjord.

Aktivitetar og attraksjoner på sunnmørskysten

Kultur

Herøy Kystmuseum

Runde & Sunnmørskysten

Kystmuseet er den gamle handelsstaden frå 1700-1800-talet, med autentiske bygningar og utstyr frå ulike tidsepokar. Museet tilbyr aktivitetar og opplevingar.

Besøk byggets kommersielle galleri R/ART.

Kultur

Galleri R/ART i Fosnavåg

Runde & Sunnmørskysten

Omvisning i Kunstgalleriet hos Horisont mellom fiskebåtene i øyriket Fosnavåg.

Ein liten gjeng på svaberga for å studere tang og tare.

Utendørsaktiviteter og natur

Fjøreforskar for ein dag på Runde

Runde & Sunnmørskysten

Gror det ei forskarspire i magen din? Bli med på ein forskartur i fjøra med ein naturrettleiar frå Runde Miljøsenter og forske på dei snodige skapningane i fjøra.

Runde Miljøsenter

Kultur

Runde Miljøsenter – Besøkssenter og opplevingar

Runde & Sunnmørskysten

Aktivitetar og opplevingar for store og små. Lær meir om fuglelivet på Runde, gullskatten og besøk i utstillinga på Runde Miljøsenter.

Lundesafari

Utendørsaktiviteter og natur

Lundesafari - guida fjelltur til fuglefjellet på Runde

Runde & Sunnmørskysten

Bli med på ei magisk oppleving der land møter storhavet. På ein kveldstur til fuglefjellet kjem du tett på lundefuglen.

Runde Fyr

Utendørsaktiviteter og natur

Guida tur til Runde Fyr

Runde & Sunnmørskysten

På ein guida fjelltur til Runde fyr fortel naturrettleiaren frå Runde Miljøsenter historiar frå øya, eit fantastisk skattefunn og naturkunnskap frå Runde.

Utendørsaktiviteter og natur

Rundebranden

Runde & Sunnmørskysten

Rundebranden er det tredje største fuglefjellet i Norge, og har et yrende fulgeliv, så vel som et stort artsutvalg av planter. Toppen ligger på omtrent 300 meter, og gir utsyn over storhavet, øyriket, og fastlandsfjellene fra Stadt til Eide på Nordmøre. Det finnest stier fra nord og sør, og turen går gjennom delvis myrlendt terreng til fjellplatået. 

Sightseeing

Runde Fyr

Runde & Sunnmørskysten

Runde fyr er et av 80 fredete fyr og ligger på Kvalneset på nordvestspissen av den kjente fugleøya Runde.

Ein liten gjeng på svaberga for å studere tang og tare.

Utendørsaktiviteter og natur

Fjøreforskar for ein dag på Runde

Runde & Sunnmørskysten

Gror det ei forskarspire i magen din? Bli med på ein forskartur i fjøra med ein naturrettleiar frå Runde Miljøsenter og forske på dei snodige skapningane i fjøra.

Kvalsvikryggen i Herøy

Utendørsaktiviteter og natur

Fottur over Kvalsvikryggen fra Fosnavåg

Runde & Sunnmørskysten

Kvalsvikryggen er den lettgådde fotturen som går på toppen av dei forrevne klippene som stuper ned mot Atlanterhavet med vakker utsikt mot Runde, Skorpa, Sunnmørsalpane og Svinøy fyr.

Kultur

Herøy Kystmuseum

Runde & Sunnmørskysten

Kystmuseet er den gamle handelsstaden frå 1700-1800-talet, med autentiske bygningar og utstyr frå ulike tidsepokar. Museet tilbyr aktivitetar og opplevingar.

Ulike tarer i en liten glasstank.

Utendørsaktiviteter og natur

Tangsafari på Runde

Runde & Sunnmørskysten

Har du nokon gang lurt på korleis ein kan nytte tang og tare til matlaging? Viss du er nysgjerrig på kva disse rare vekstane er og kva dei kan bli brukt til er dette turen for deg.

Slik kommer du deg hit

Planlegg reisa di på Sunnmøre og besøk kjende stader som Ålesund, Geiranger, Trollstigen, Ona og Runde. Her finn du informasjon om korleis du kjem deg hit og rundt i vår region.

Slik kjem du deg til og rundt i Ålesund & Sunnmøre